måndag 31. august 2009

20 dager på Hald

I løpe av dei 20 første dagane på Hald har eg opplevd utruleg mykje. Livet her på Hald består av undervisning, lesing av pensum og sosiale ting. Me har undervisning frå 9 til 16, mandag til fredag. Egentleg er det ganske lange dager, men på grunn av alle pausane og spennande undervisning går det veldig fint. Til nå har me blant anna hatt om poverty, leadership, mision, know yourself in a team, children at risk og mykje meir. Det eg syns er best med undervisninga er at dette er ting som me kjem til å få brukt for under utanlandsopphalde!

Eg har lært utruleg mykje av å være her på Hald. Her slutter ikkje undervisninga kl 16, men fortsetter heilt til me sovner. Med alle dei internasjonale her, er det alltid noko å lære, om ulike kulturar, språk, spel og dans. Det er utruleg spennande og er gledar meg bare meir og meir til å reise til Uganda etter at eg har blitt kjent med dei 4 act know studentane frå Uganda:)

Ein anna populær ting er å lære språk, oss norske hjelpar dei internasjonale med norsk, medan dei lærar oss deira språk. Eg har fått lært meg litt luganda, og kan nå telle til 10, kort presentere meg sjølv og spørje etter vatn! Så forhåpentlegvis lærar eg ennå litt til før me setter kursen mot Uganda om ein månad.

Victor, Marthe, Ronald og meg på tur i Mandal

tysdag 11. august 2009

Ny haust og nye moglegheitar

Som alle år går sommerferien alt for fort, som vanligt så har ikkje været her på Jæren vore noke å skryte av og akkurat som så mange ferier før har eg fortsett mange ting eg skulle ha gjort før ferien er over. Men ein ting som er anderledes denne hausten er at eg ikkje skal bu heima og tilbake på Bryne vgs.

Dei siste dagene har vore rare, og har sagt hade til flotte menneske som eg ikkje skal sjå igjen før til våren. Samtidig gleder eg meg utrulig mykje til å komme i gang med noko nytt. Komme meg litt vekk i frå forblåste Jæren og møte mennesker frå heile Noreg og andre steder i verda.

1 oktober sette to spente jenter seg på flyet til eit anna kontinent for å bu, studere og jobbe i ein anna kultur. Eg håper at eg kan bety ein forskjell for nokon, samtidig som eg håper at mi tid i Uganda vil påverke meg, slik at det eg opplever i Uganda vil prege meg også når eg kjem tilbake til Noreg!


Ellers vil eg bare ønska alle kjente og kjære lykke til, enten om du skal studere, ha eit år på folkehøgskule eller jobbe! Ha eit fantastisk år og stå på:)