tysdag 16. september 2008

Point of peace summit 08

Sist veke fekk 13 elever oppleve internasjonale fredskonferaser på nærhold. Og for ein oppleving: mange utruleg smart og flinke folk og ikkje minst rørandre taler. Mange av oss har fått nokon nye heltar og spesielt Mairead Maguire kjem til å bli huska av mange av oss for henna utruleg gripane innleiing på konferansen!


Deltakerpanelet i ein av sesjonane! Blandt anna Johan Galtung (for ein fyr!!) Jan Egeland og Kjell Magne Bondevik


Meg og Lotte holder fordraget som me i lag med resten av gruppa hadde forbreda om korleis multikulturelle samfunn best kan fungere i lag!


Posing på gang med Bob Geldof, utruleg facinerande fyr med eit kjempe engasjement!


Mari, Karina, Samira, Lotte og meg med Johnatan Granoff, generalsekretæren i global security institute

Mari, Mairead Maguire og meg! For ei utruleg sjarmerande dama, med eit utruleg engasjement for rettferdigheit og fred:

In this the new millennium, the human family has an opportunity to move away from the old responses of 'an eye for an eye' and deal with their problems in a collective and civilised manner, befitted the great goodness that lives in every human heart.

Mairead Maguire

måndag 1. september 2008

Kjerag


Kjerag har lenge vert eit mål for mange av oss, eg for min del nådde det målet i sommar, men kva er vell betre enn å bruke ein søndag til å gå på tur med nokon fantastiske venner! Etter kort og heftig planleggig blei det klart at Karina, Ine, Mari, Lene og meg skulle bruke søndagen til å bestige Kjeragsbolten istaden for lekse og slakking... Me hadde store plana om å møte Ragnhild på toppen, sidan ho skulle på familieture til same bolten..

Etter ein litt forsinka start frå Høyland, pga Mari så kom ALT forseint satte me kursen først opp mot Sirdalen og deretter mot Lyseboten. Etter nokon timer i bil, kom me fram til Øygards støl kvart øver 11 og klare for å bestige det første av i alt 3 fjell, før me kunne ta turen ut på bolten.

Første fjellet er ganske avskremmade og det blei både lokka med kjeks og andre ting for å få heile TEAM GBH opp fjellet! Vell oppe bar det ned igjen for så opp igjen for så ned igjen for så opp igjen og til slutt bort over... Etter ca 2 time var me oppe på Kjeragsplatået og der stod Ragnhild og venta på oss!

Ein etter ein bar det ut på bolten og ikkje minst mange ulike bilde som dokumentasjon på at me har vore ut på Bolten. Men ikkje alle nøyde seg med bolten, nokon ville og ut på ei lita fjellhylle. Spesielt Karina syns det var heilt grett og avslappane og sitje på ei fjellhylle, nesten i lause lufta!
Lene fekk bygge varde og alle var storfornøyde med turen!!!

Etter nesten 12 timer ute på turen var det ein trøtt gjeng som ankom diverse plasser på Jæren!