søndag 23. mars 2008

Berlin:)











Nedanfor er mi reisedagbok (oppgåven på turen) frå Berlinturen og nokon bilder:)

Berlin med tysk-klassen 9-13 mars


Søndag 9 mars:

Tidleg ein søndag trappa 23 elever og 2 lærar opp på Sola flyplass, klare for avreise til Berlin. Flyreisa ned til Berlin gjekk kjempe fint. Når me landa i Berlin hadde dei fleste fått sove litt og var klare for å lære om den tyske kulturen og snakke mykje tysk. Etter litt klyss med å kjøpe billettar til S-bahnen, satt me på toge bort til hotellet. Etter ein liten pause på hotellet og gatene rundt, var det klar for ein busstur rundt i Berlin. På denne bussturen fekk me blant anna innom Checkpoint Charli, Judendenkmal, Siegessäule, Brandenburger Tor og fleire andre kjende plasser i Berlin. Guiden vår for dagen var ein gøyal herremann som til tider snakka litt fort. I løpet av bussturen fekk me sjå store delar av Berlin, og litt av skilnadane mellom Vest og Aust Berlin.

Tilbake på hotellet igjen var det ein trøtt gjeng som slappa av med ei bok før det var tid for å ete middag. Middagen blei ete på ein asiatisk restaurant, der nesten alle gjekk for nudlar og kylling. Sjølv om maten var kjempe god, fekk me oss ein liten lærepenge den kvelden. Husk alltid å bestille wasser naturelle… viss ikkje ender du opp med vatn med kulsyre!

Seinare på kvelden fekk me også beskjed at det ikkje blei noko av streiken, og at me då fekk reisa til Sachenhausen.

Men kvelden var ikkje slutt enda, sjølv om det nok var mange som var klare for senga allereie. For me skulle nemleg ut å oppleve den tyske bar og konsert kulturen. Anja hadde funnet ein konsert med ei bra band som spela coverlåter frå Eric Claption. Det var ein bra konsert, der høgdepunktet var songen: ”if I saw you in heaven”. Etter konserten tusla ein trøtt gjeng bort til S-bahnen for å ta toget tilbake til hotellet og senga.
Den første dagen i Berlin var ein kjempe flott dag med mange opplevingar og inntrykk.

Måndag 10 mars:
Etter ei god natt søvn var alle klar for ein ny dag med nye opplevingar. I dag skulle me først i Zoologischer Garten før resten av dagen skulle brukast til shopping. Zoologischer Garten var noko av det eg hadde gladet meg mest til før me reiste. Dyreparken sin største attraksjon er den 1 år gamle isbjørnen Knut, og eg hadde gleda meg til å sjå han. Men det blei ein liten nedtur, fordi han bare sov medan me var der. Men det var kjekt å sjå han i alle fall. Men det var og mange andre dyr der, blant anna pingvinar, løver, tiger, aper og mange andre dyr. Det var utrulig kult å gå rundt å sjå på dyra i det flotte været. Inne i akvariet såg me mange ulike fiskar, i mange ulike fargar. Etter nokon spennande timar i dyreparken var det på tide med litt shopping. Så me tok S-bahnen til Alexandar Platz og den rosa elefanten (eit stort kjøpesenter)

Kvelden før hadde meg og Weronica funnet ut at me ville gjere eit kupp medan me var her nede, så me tenkte at me like godt kunne klippe og farge håret her nede til ein mykje billigare pris. Etter å ha blitt utstyrt med dei tyske orda for blonde striper og klipping av tuppane, var me klare. Resultatet blei overraskande bra, og begge var stor fornøyde. Resten av dagen blei så og sei tilbrakt på den rosa elefanten for å shoppe litt. Når klokka nærma seg halv 9 fant me ut at nå var det på tide å komme seg tilbake til hotellet. Etter å ha tilbrakt 6 timer ( altså ein heil skuledag) på eit kjøpesenter i Berlin var det 7 glade, utslitne og fornøyde jente som kom tilbake til hotellet.

Utslit etter mange timar shopping blei det ein tidleg kveld for jentene på rom 2-03. Utslit etter ein veldig bra dag i Berlin.

Tysdag 11 mars
Dagen starta så altfor tidleg, me måtte nemleg opp klokka 6.00 for å rekke toget til Leipzig klokka 8. Dette var ein dag eg har sett fram til, fordi me får moglegheit til å sjå ei anna side av Tyskland og tidlegare Aust-Tyskland. Tog turen bort til Leipzig blei bruka til å sove og høyre musikk. I Leipzig blei me møtt av 5 elevar, ein lærar og mor til Anja som viste oss rundt i Leipzig. Me var og innom det historiske Museum i Leipzig for å sjå på utviklinga av Tyskland etter den annen verdskrig. Vandringa gjennom museum gav oss eit innblikk i korleis det var å leve i Aust- Tyskland under den kalde krigen. Gjennom bilete, film, tekster og utsilte gjenstandar får du eit levande og truverdig innblikk i livet i Aust-Tyskland. Vidare blei me vist to kyrkjar, studentklubben, det gamle og det nye rådhuset i Leipzig. Den eine av kyrkjene me besøkte er kyrkja som Bach er gravlagt i. Etter ein time fritid, tok me trikken bort til skulen. På vegen bort reiste me gjennom bydelar som ikkje har blitt resturet etter muren sitt fall. Her fekk me innblikk i korleis Leipzig var under jernteppet. Besøket på skulen var ein spesiell oppleving. Skulebygningen og atmosfæren var ganske forskjellig frå det me er vant til. På skulen fekk me servert lunsj, som bestod av poteter, fisk og saus. Etter maten blei me vist rundt på skulen. Under omvisninga fekk me sjå delar av skulen, og det var ganske anderleis enn det me er vant til her heime. Ho som viste oss rundt gjekk ganske fort vidare så når eg kom fram var dei som regel ferdig å snakke om rommet, så eg fekk ikkje med meg så mykje informasjon om dei ulike romma. Til slutt i omvisninga fekk me lov å høyre på nokon 10 åringar som spela fadar Jakob for oss og dei var kjempe flinke! Ein bra avsluting på omvisninga.

Etter besøket på skulen følgde dei 5 elevane oss inn til byen igjen og det var igjen tid for shopping. Inne på Karstad ( eit stort senter) fant me både ein stor snopebutikk, mykje klede og sko ( men det var ganske dyrt), billig sminke og ein sjefs kafè. Etter ein time handling slappa me av på ein koseleg kafè med ein Kaffe Latte MoccationoJ Før toget skulle gå fekk me tid til litt sko-shopping, og det var ikkje få posar folk hadde med seg tilbake til Berlin.

Toget tilbake til Berlin blei ein skikkeleg opptur. Ingeborg var blitt ganske overtrøtt og vidda-humoren blei skapa. Dei frustrerte fotballfruene fekk diskutert litt fotball og taktikk, mens Schubi avslørte Stian sitt kallenamn, nemleg Stigi. Så frå nå av var det Schubi og Stigi på ville eventyr i BerlinJ. Vell tilbake på hotellet var folk blitt svoltne og Mc Donalds blei neste stopp for mange av oss.

Dette var ein veldig minnerik dag med mange inntrykk. Spesielt bydelen i Leipzig me besøkte gjorde inntrykk på meg. Men også at me er ganske heldige her i Noreg, med ein bra skule.

Onsdag 12 mars
I dag skulle me besøke konsentrasjonsleiren Sachenhausen. For å komme oss bort til Sachenhausen måtte me ta S-bahn ut til Oranienburg. Sidan det var nokon av oss som hadde vore her tidlegare ende me opp med å fortelje litt av det så me fekk vite sist gong. Det var sterkt å gå inne i den brakka dei hadde laga om til museum. Å lese om skjebnen til mange av fangane og sjå på bilete. Inne i fengselet var det laga til bilde og minnetavler til nokon av dei som blei drept der. Den delen av leiren som bestod av henrettelse plassen og krematoriet gjorde sterkt inntrykk på meg. Men den kanskje verste plassen å besøke var laboratoriet og likkjellaren. I laboratoriet blei det gjennomført grusamme medisinske eksperiment på fangar. Medan i likkjellaren kunne me sjå kloremerke på veggen og kjenne liklukta. Åttetallet som fangane måtte gå i lagen lang for å teste skotøy for tyske soldatar var ikkje heilt lenger, men me fekk gått ein liten runde i den delen som fortsett er der. Til slutt var me borte med minnetavla over dei norske som satt i fangenskap i Sachenhausen.

Eg synes at det var ein sterk oppleving å besøke Sachenhausen ein gong til. Eg trur me unge har godt av å sjå korleis det var i konsentrasjonsleirane under andre verdskrig, slik at me kan arbeide for at det ikkje skjer igjen.

Etter besøket i leiren var stemninga i gruppa ganske nedtrykka på vei tilbake til Berlin.. vell tilbake i Berlin hadde meg å Liv nokon timer til å gå rundt å sjå før me skulle på Unsicht Bar for å ete. Så me ende opp med å gå å kikke i ein av dei mange butikkane som fantes. Etter dei andre hadde vore oppe i fjernsysntårnet møtte me dei slik at me skulle gå samla bort til Unsicht bar. I restauranten blei me tatt i mot av ei kvinne og me sette oss ned i velkomst rommet for å vente på å bestille maten. Etter at me hadde bestilt maten blei me møtt av vår blinde kelner Heedi. Han skulle vere vår kelner for kvelden og han fortelde oss kva me ikkje måtte gjere der inne i mørket. Så blei me ført inn i mørke på rekke, når me kom inn blei me ført til plassen vår av Heedi. Det var ein ganske merkeleg følelse å vere der inne utan å kunne sjå noko, men etter kvart blei du vant til mørke. Den første utforninga me fekk var å fylle brus oppi glaset, i mørket. Etter på blei middagen servert og det var ei utfordring å ete utan å sjå noko som helst. Etter mange misslykka forsøk ende mange av oss opp med å ete med hendene. Følelsen av å ikkje vete kva me åt var og ganske rar. Eg syntes at potetene minna om snigel, så eg klarte ikkje eta opp dei. Men elles smaka maten kjempe godt. Etter middagen fekk me dessert. Denne var endå vanskelegare å ete, utan å ete med fingrane. Medan me åt blei me einige om at det var is, frukt, pannekake og noko sjokolade stengar, og det smakte ganske godt J

Besøket på Unsicht bar var ein knall kul oppleving og noko eg absolutt kan anbefale alle.

Etter middagen skulle me på 3D kino på den ganske nye Max-kinoen i Berlin. Ikkje alle gleda seg like masse til filmen, så skulle ver ein dokumenter om fisk. Men humøret var på topp og 3D formater gjorde at filmen faktisk blei ganske bra!

Tilbake på hotellet var Ingolf, Odd, Livar, Siljan, Karlos og Kai ganske overtrøtte, og dette gjekk utover dei andre. Spesielt Stian fekk seg ein liten overrasking når Berg Hansen ringer å seier at flye er kansellert ;p Resten av den siste kvelden blei bruka til å spele Ligreto, som forresten er eit genialt spel og pakking. Det har vore ein heilt fantastisk siste dag i Berlin, med utrulig mange opplevingar.

Torsdag 13 mars
Sidan flyet ikkje var kansellert måtte me ta flyet heim i dag. Etter ein god frukost og siste rest av pakking var alle klar for avreise til flyplassen. Til tross for nok ein tidleg morgon var humøret fortsett på topp hjå dei fleste. Ca ein halv time forsinka letta Norwegian flyet frå Berlin og Tyskland. Flyturen heim blei både bruka til gjetting av songar, og litt soving. Vell tilbake på Sola fant me bagasjen og sette oss i bilen tilbake til kvardagen.

Eg vil bare takka alle for ein fantastiske tur! Dette he vore 5 knall bra dage, med mykje skøy frå morgon til kveldJ