torsdag 26. juni 2008

Sommer og ferie mæ fantastiske jenter:=)























Etter nesten ei veka på reisefot rundt i Noreg er eg heima igjen klar for mykje jobbing og ein del kjøretimar!

Ein lørdag i juni lørdag blei Golf`en og Passat`en fylt opp med turklær, slakke klær, sovepose, telt, liggeunderlag, badeklær. fjellsko, GPS , kartbok, mat, bra musikk og ein gjeng med konge bra folk!

Etter ei nått på Bømlo, satte me kursen for Lom og Galhøgpiggen! Ragnhild og Karen hadde fiksa oss ei utruleg koselege setra som stod og venta på oss når me ankom Lom om kvelden. På turen opp hadde me etter kvart fått eit glimt av sola og den blåe himmelen og det var me glede at me såg at det var sol neste morgen. Heile gjengen var beinklar for å bestige Noregs høgaste fjell, nemleg Galhøgpiggen som raker 2469 meter over havet! Trass i optimismen frå morgon av nådde me toppen i tjukk tåke og såg ikkje stort meir enn nokon meter rundt oss. Men dagen slutta ikkje der for dei spreke jentene frå Lye/ Høyland. Etter ein etterlengta dusj bar det ned til Lom for å utforska fjellbygda! Kvelden blei tilbragt på setra vår langt oppe i fjellheimen, med mykje god mat, hekling og snakking.
På tysdagen skulle me eigentleg gå over Beseggen, men på grunn av diverse skadar blei det ikkje Beseggen tur på oss alikavell. Så me pakka oss ut av setra og kjørte nedover Gudbrandsdalen og til Lillehammer og til sist kom me fram til Fagarnes og Leira. Her tok me ein på ein lite og kjempe koseleg campingplass! Mange gutta meine nok at me jente ikkje er så veldig flinke med bil, men me er vertfall praktiske og flinke til å løysa problem, for når golfen byrja og lekke olja fekk me fiksa det og...:p
Neste dag kom sola og me fortsette kjøreturen til Hardangarvidda, der me tok oss ein lang og god pause ved "Lyefonnå", ein liten snøflekk midt på Hardangarvidda. Her steikte me pannekaker på stormkjøkken og hadde strålande utsikt:) absolutt til å anbefala! Men som dei sporty jentene me er tok me og beina fatt for å gå inn til Vøringsfossen, men me kom ikkje heilt inn sidan brua over elva var stengt... Nertur.. Kvelden blei tilbrakt i ei luksushytte med flatskjerm i Kinsarvik. Me hadde eige dusj, do og til og med oppvaskmaskin. Med EM semifinale og flatskjerm blei det ein bra kveld!

Turen heim frå Kinsarvik gjekk altfor fort! og etter ein god middag i Aksdal kjørte me siste stykke heim. Som ein konge avslutning blei "tursangen" come again med Dolly Parton fyrt opp i golfen!
Tusen takk for ein knall bra, fantastisk, konge bra og sjefs tur jente:)

torsdag 12. juni 2008

Øde øy....

Viss du i løpet av ferien ender opp aleine på ei øde sydhavsøy, kva ville du då tatt med deg av disse 15 tingene??

* Sminke speil
* frakk/jakke
* ein liter vatn
* lommelykt
* fallskjerm
* jakt kniv
* regnjakke i plastik
* 15 caliber pistol
* solbriller
* bandasje
* magnetisk kompass
* flykart over området
* ei bok om spiselege dyr i ørkenen
* ei flaska vodka
eller
* ei eska med salt tabletta

Kva tre ting ville du tatt med deg på denne øde øya og kvifor?? :p