fredag 29. februar 2008

Tru, håp og kjærleik

Tru, håp og kjærleik er tre sentrale og viktige faktorar i verda idag, sjølv om det ikkje alltid verker slik. Me lever i dag i ei verd der terrorisme, kriger, naturkatastrofer og andre ekstreme hendingar har blitt ein naturleg del av livet og kvardagen. Det kan verke som om me har blitt immune for onskap. Eg husker sjølv kor forferdeleg eg opplevde det første gong eg såg at ein sjølvmordsbomber hadde sprengt seg sjølv og andre i lufta ein eller anna plass i verda. Men i dag tenkjer eg ikkje noko meir over det, når eg seg det på tv. Fordi dette har blitt ein del av kvardagen min. Og når me aksepterer onskapen som ein del av livet og kvardagen vår har på ein måte onskapen vunnet. For viss ingen er villig til å ta opp kampen mot terrorismen og alle dei fryktelege krigane og regima i verda i dag, kven skal då sørge for at desse forsvinner?

Det er me og våre medmennesker som må bekjempe onskap. Sjølv om ditt bidrag ikkje verker så stort og betydningsfult, så er det viktig. Bare det å vere eit godt medmenneske hjelper. Ditt bidrag kan vere å hjelpe til meir i familien, snakke med folk på skulen så ofte går aleine, melde deg som frivilleg, gi pengestøtte til ein ideel organisasjon, eller bare vere ein god venn eller vennine for nokon som treng deg. Det er ikkje mykje som skal til, og viss alle mennesker i verda kvar dag prøver og gjere sitt beste for at andre skal få ein bra dag. Er eg sikker på at me kjem til å få ein betre og meir rettferig verd.

" Så vert dei verande desse tre: tru, håp og kjærleik, og størst av dei er kjærleiken." Gå ut og bruk desse tre enkle orda som din filosofi for livet:
- ha tru på deg sjølv, menneske rundt og på at det gode og rettferdige vil skape ei god og rettferdig verd
- ha håp for at det finnes ein måte der verda kan bli ein god og rettferdig plass og leve for alle. Men ikkje minst ha håp for at folk kan forandre seg.
- men ikkje minst bruk at den kjærleiken som Gud gav oss. Vis dine nærmaste at du er glad i dei og bryr deg om dei. Vis og nestekjærleik for dei du møter i livet ditt.

torsdag 21. februar 2008

Gratulere, gratulere å atter gratulere

Denne fantastiske jenta har endeleg blitt myndig, for ho blei nemleg 18 år i dag:) Og i formiddag tikka det inn ein melding på mobilen min: " eg klarte oppkjøringa" Så ennå ein gong Merethe, gratulere kjempe mykje med billappen og kjør forsiktig! Men for å ta alle gratulasjonane i ein sleng, tar me like så godt ein gratulasjon til, for Merethe har nemleg funnet lykken med Einar:) For eit herligt par:) Så Merethe: lykke til med "voksen livet", lappen og kjærleiken!

måndag 18. februar 2008

Hemsedal!

For alle så ikkje veit det så er eg nå på ein flotte tur til Hemsedal:) Kjempe bra føre i bakken, litt mykje vind i går, men ellers kan me ikkje klage. Håper alle har det kjempe fint heime eller borte og nyter vinterferien =) For det gjer eg.. Snakkes

måndag 4. februar 2008

Trist fotballdag...

Det blei ein trist kveld for alle fotballjenter på Lye i kveld. Nå er det nemleg bestemt at det ikkje blir noko juniorlag på Lye denne sesongen, føreløpig vertfall. Å det er kjempe trist. Eg har alltid spelt fotball på Lye og eg veit at eg kjem til å savne det: for eg har hatt 4 flotte og innhaldsrike år med fotballen.
I slutten av 7 kl tog Ingebjørg, Nora og meg endeleg stege frå fotball i friminutta med gutta til Lye j13. Og eg blei fort hekta på å spele fotball, sjølv om eg til tide savner å bare kunne spele fotball i friminutta på Vestly. Faktisk så har eg spela på tre ulike Lyelag: først "mitt årskull" i to år, for så å spele med jentene som var eit år mindre, for så å bli ein del av det fantastisk flotta juniorlaget..

Det har skjedd kjempe mykje bra og kjekke ting, og for å mimre litt så har eg denne lista:
1. Å vinne Danske Bank cup, det var ein kjempe bra prestasjon av eit kjempe bra lag.
2. Å komme på 2.pl i skulecupen i Rogaland, med Asbjørn som "trenar" alltid ein slagar;p
3. Å spele i eliteserien, mot dei beste laga i Rogaland.
4. Å komme på 4. pl i j19 1div i fjor, syns det var ein ganske bra prestasjon, i og med at halve laget var 15 eller 14 år.
5. Å ikkje tape ein kamp i Lyngdal, å spesielt å spele uavgjort mot svensken;p alt i alt var helgå i Lyngdal noko av det eg kjem til å huske aller best. For det var ei kjempe helg.

Eg har hatt nokon konge år med fotballen på Lye og hadde håpet at me skulle klare å vidareføre den utrulig bra lagånda som var i laget sist sesong. Men slik gjekk det ikkje, og i dag blei me (få) som var på trening enige om å trekke laget inntilvidare, trist, men det er ikkje noko å gjere med det. Så nå er det bare å vente å sjå kva som skjer i framtida...