måndag 13. august 2007

Arena=)















Arena var heilt konge:
- fantastiske folk
- bra møte
- sjefs aktiviteta, vertfall skiskyting:)
- sol=)

Meg, Ingeborg og Ivar hadde skiskyting som aktivitet, i lag med 6 andre frå Rogaland og ein frå Hønefoss. Det var kjempe bra, fekk vilt kick av å treffa blinkane å sjå dei kvide blinkane komma opp. Men me har ikkje bare skote, me har og sprunge, var ein del av som var trøtte etter spurt opp bakken x 10 og test løpet. Men det var kjempe å få prøve skiskyting, eller joggeskyting. Høydepunktet var nok at Frode Andresen trente ved sida av oss den eine dagen. Så nå bør han vinne til vinteren;p Testløpet blei vunnet av 2x Garpestad, Ivar vant gutteklassen og eg vant jenteklassen med stor konkuranse.
Ellers var det bading i elva ein slagar, etter varme dager på skiskyting.


Møtene var utruleg bra, sjølv om det var mange som hadde problem med å halde augnene oppne under andakten, hadde nok det meire med altfor lite søvn. Mykje bra lovsang og innslag på scenen. Etter møte på lørdag hadde me konsert, som tok heilt av:)
Mange av oss hadde problem med å sjå teksten som var på stor skjerm, enten fordi søyler var i vegen eller høge folk som stod framføre.
Talane var kjempe bra, og eg har fått mykje å tenke på etter Arena.

Kveldane blei brukt til å høyre på konserter, snakke og ikkje minst å danse. "Jeg har 2 hender" blei ei verkeleg slagar, som skal brukes flittig på krik i høst.
Alfred og Bjørnar lika sangen så godt at dei lika så godt fortsette dansinga medan me kjøyrde heim..;)

Når me kom tilbake til "hytta" om kvelden var nesten alle klar for morderen. For å ta hensyn til dei så ville sova, blei morderen ein kveld spela med kviskring. Og tru det eller ei, det gjekk nesten. Alfred syns det var kjekt å finne ut at teorien hans ikkje fungerte, nemleg kvar gong personen som snakka antt blei stemdt ut, var det ikkje ein morder.

I og med at me sov ca 20 min frå Dvergnestangen blei det litt kjøyring kvar dag. Tida i bilen blei bruka til å ha avis leiken, lage forteljingar og andre rare ting. Som om det ikkje var nok måtte me kjøyre ein time med buss for å komme til skiskyterarenaen på Brikeland. På bussen blei blant anna kvinnefotball diskutert. Korleis trur du det gjekk med 9 gutter og 2 jenter???

På laurdag var det suparlaurdag, og dagen for CHRISC løpet. KRIK Lye stilde til start med 65 sponsorer og skulle danse seg gjennom løypa:) Juryen meinte at dette var det best organiserte innslaget og me blei belønna med ei CHRISC t-skjorta. Ellers så samla me inn rett over 3000 kr og blei dermed med i trekninga av eit tandem hopp.
KRIK Lye var også representert i fotballcupen, der stilde Cecilie, Trine, Ingeborg, Mai og meg. Det blei eit tap, nemleg i finalen. Så me måtte ta til takke med 2 pl.



Laurdagskveld reiste mange heim, så resten av lyegjengen hadde ein bra kveld, sjølv om mange var trøtte.
Søndag var me inne i Kristiansand på Gudsteneste i domkyrkja. Ein flott avsluttning på ei fantastisk veke. Resten av dagen blei bruka til å vaske ut "hytta" bade og kjøyre heim.

Medan me var i Kristiansand traff meg og Jonas på Kronprinsesse Mette Marit=)

Turen heim hadde me kjempe fint ver, og kva er vell ein betre måte og nyte det på enn å kjøyre uten tak.

Takk for ein kjempe flotte veka folkens!!!!