søndag 30. november 2008

Når ein pepperkake baker....

Jula nærme seg med stormskritt og kva er vell betre enn å starte advent med litt julekakebaking med go folk:!
Mange fordelar, foreldre, søsken blir glade for å få 7 sorta julekake ferdige allerede før desember sette inn og me får sjå kor hardt å og kjekt det kan vær å ver husmor:)
Lørdagsettermiddag var 6 jente klare for å ta fatt på den enorme oppgåven å bake 7 sorter til jul. Alle utstyrt med ein deig kvar og klar for å bake herlige kakar. Ein ting me fort lærte var at me kanskje hadde litt lite benkplass til alle bretta med kake som blei fortare ferdige enn dei som var i ovnen. Derfor såg det slik ut:

Etter 3 timar var me ferdige med 6 sorter og hadde bare kakemennene igjen, eller kanskje kjendt som evigheitsdeigen. Men etter ei stund blei me ferdig med den og, og alle 7 sortane var i boks og såg veldig bra ut! Etter ei hard baking var det godt med risensgrynsgrøt og saft, for svoltne magar.



Kvelden blei avslutta med julefilmen Love Actually for å gjere bakekvelden vår perfekt. Ingenting er som å sjå Hugh Grant som ein sjarmerande prime minster:p
Takk for ein veldig bra kveld jente og kakene var knall gode:)

torsdag 13. november 2008

Svipptur til Paris, shoppingens by

Billig flybilettar + billig hotell = ekstra pengar til shopping. Det var i allefall motoet til den yngre delen av reisefølge når turen til Paris stod for tur! Tidleg en fredags morgen, når alle andre gjorde seg klar for skule, gjorde me oss klar for ei helg i Paris! Blandt dei reisane var Merete, Ingvild, Gro Venke, mor og meg!
Flyturen blei bruka til litt av kvart, nokon sov, andre leste om jødedommen(lekse) mens andre bare slappa av. Vell framme i Paris skulle me komme oss inn til sentrum og finne hotellet vår- lettare sagt enn gjort når bare en av oss snakke litt fransk og ingen har eigentleg veldig roen på metro-systemet i Paris. Etter ei gode stund på diverse tog og metroar og gåing var me endeleg framme til hotellet. Etter å ha salma litt krefter bar det ut på shopping - i løpe av 4 timer på Les Halles hadde alle fått seg nokon poser og var ganske klar for mat og senga.


Etter ei god natt søv var me alle klar for ein ny dag i Paris og enda meir shopping. La Fayet blei første stoppested, då dette var det mest ekslusive kjøpesenteret i Paris. Tru det eller ei, men me kom faktisk ut i frå der med kvar sin pose ekslusivt Calvin Klein undertøy til stive priser.

Resten av dagen blei bruka til shopping og alle fekk etter kvert litt poser og Masterkortet til Merete blei ganske varmt til tider! I kvellinga var det på tide og komme seg tilbake til hotellet og etter diverse omveier og gater var me endeleg tilbake på hotellet. Klar for ein halvtime på benken. Sidan det var fullt på Hard Rock, blei det italiensk mat på oss om kvelden på ein liten søt resturant.

Søndagen var det fleste butikkane stengt, så det blei minimalt med shopping den dagen. Dagen blei heller bruka til ein tur i Eiffeltårnet - det er 678 trapper ned frå nivå to til bakken, viss nokon lurte, meg og Ingvild telde på veg ned. Ganske kult å stå på toppen å sjå utover Paris! Neste post på programmet var Champs Elyses på sykkel. Me fekk lånt oss nokon bysykkler og tok turen opp og ned Champs Elyses, akkurat som Thor Hushovd! Etter lunsj på ein lokal kafe var turen kommet til Notre Dame, ganske fasinerandre at ein har klart å byggje noko så stort og flott:) Etter mykje gåing og sykkling var det godt å sette seg ned på Starbucks med ein god kaffe og slappe av litt. Ingenting kan måle seg med den kaffen dei har der.... Dagen blei avslutta med Eiffeltårnet, slik som han byrja





Mens mandagen kom og andre gjorde seg klar for skule og jobb, pakka me siste rest av tinga vore å sette kursen heim til Noreg. Dagens nedtur var når dei ikkje hadde postkort på flyplassen, sidan me ikkje hadde fått kjøpt det før me reiste....

torsdag 6. november 2008

Ein anderledes frokost

Kvifor sove ekstra lenge når du får studieøkt i religion når du kan ete frokost med gode venninnar og få ein fantastisk start på dagen?

Si læraren vår er sjukemeld fekk me studieøkt i religion første økt i dag, alle tenkte nok: yes, eg får sova litt lengar, men 4 sporty og opplagte jente valde heller å komma på skulen for å eta frokost og gjer religion, det var iallefall planen. Kaia og Ragnhild møtte opp presis 8, mens Karina og Mari kom litt seinare. Økta blei bruka til å ete frokostbrød, sjokoladekake, kjeks, muffin og drikking av kaffe: kan det bli betre??:)

Me fekk i allefall ein kjempe start på dagen med litt kaffe og sukker, og litt bilde blei det og:) Absolutt å anbefale, stå opp litt tidlegare å nyt frokosten din i lag med gode folk:):)

Frokostgjengen

Mmm, kaffe og kake

Klar for kaffe å god og delvis sunn frokost!