Tru, håp og kjærleik er tre sentrale og viktige faktorar i verda idag, sjølv om det ikkje alltid verker slik. Me lever i dag i ei verd der terrorisme, kriger, naturkatastrofer og andre ekstreme hendingar har blitt ein naturleg del av livet og kvardagen. Det kan verke som om me har blitt immune for onskap. Eg husker sjølv kor forferdeleg eg opplevde det første gong eg såg at ein sjølvmordsbomber hadde sprengt seg sjølv og andre i lufta ein eller anna plass i verda. Men i dag tenkjer eg ikkje noko meir over det, når eg seg det på tv. Fordi dette har blitt ein del av kvardagen min. Og når me aksepterer onskapen som ein del av livet og kvardagen vår har på ein måte onskapen vunnet. For viss ingen er villig til å ta opp kampen mot terrorismen og alle dei fryktelege krigane og regima i verda i dag, kven skal då sørge for at desse forsvinner?
Det er me og våre medmennesker som må bekjempe onskap. Sjølv om ditt bidrag ikkje verker så stort og betydningsfult, så er det viktig. Bare det å vere eit godt medmenneske hjelper. Ditt bidrag kan vere å hjelpe til meir i familien, snakke med folk på skulen så ofte går aleine, melde deg som frivilleg, gi pengestøtte til ein ideel organisasjon, eller bare vere ein god venn eller vennine for nokon som treng deg. Det er ikkje mykje som skal til, og viss alle mennesker i verda kvar dag prøver og gjere sitt beste for at andre skal få ein bra dag. Er eg sikker på at me kjem til å få ein betre og meir rettferig verd.
" Så vert dei verande desse tre: tru, håp og kjærleik, og størst av dei er kjærleiken." Gå ut og bruk desse tre enkle orda som din filosofi for livet:
- ha tru på deg sjølv, menneske rundt og på at det gode og rettferdige vil skape ei god og rettferdig verd
- ha håp for at det finnes ein måte der verda kan bli ein god og rettferdig plass og leve for alle. Men ikkje minst ha håp for at folk kan forandre seg.
- men ikkje minst bruk at den kjærleiken som Gud gav oss. Vis dine nærmaste at du er glad i dei og bryr deg om dei. Vis og nestekjærleik for dei du møter i livet ditt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Græli bra, Kaia...! ;D
wow. no vart æ helt paff. det der va utroli bra skrevve
Kaia!
Det va utruligt bra skreve!
Det sko hengt på alle språk, rundt i heila værden.
Vilt inspirerande, rørande, flott, vakkert, nyyydelig forma!
Sko nesten hatt noge liga bra å skriva som kommentar, men me nøye oss med dette xD
Du vett vell at eg e gla i deg :p
(åsså noge udenom)
Hb dokke har (og har hatt) det kjekt i Berlin!
Glede meg te en oppdatering med det!
=D
Dette traff meg, Kjempe bra Kaia! :)
Legg inn en kommentar