Alt for mange gonger har eg oppleva og måtte kjøre heim på min ikkje alt for raske scooter i regen og vind. Under turen heim sitt eg der med regenet piskande mot ansiktet og kald i både hender og føtter og bare lengter heim til eit godt og varmt hus. Men sidan eg bare kjøyrar scooter tar det sin tid å komme seg heim, 10 min til Bryne, 3-4 min til Lye/ f-huset, å alt for lenge til andre øde plassar på Jæren. Med dette i tankane er eg så klar for å faktisk får billappen:) Eg gleder meg noko stort til eg om eit halvt år ( forhåpentlevis) kan sette meg inn i ein varm og tørr bil når eg enten skal heim frå Lye, Bryne...
Men det er endå ei stund igjen til Kaia får æren av å kunne kjøyre bil aleine. På søndag var eg å far ute å kjøyrde ein lang tur. Og etter denne ( etter mitt syn bra øvelsekøyringa) sa far: "hadde du hatt oppkjøyring i dag hadde du strøke" Så eg har nok ein del igjen å lære før eg kan ta bilen til Lye i steden for scooteren eller sykkelen...
Men eg har ein plan, først teorien, så kjøyretima og tilslutt lappen ein gong i sein sommar. Er litt herligt å vite at eg etter all sannsyn ikkje trenger å oppleve nok ein haust/ vinter på scooteren.
For all del scooter er ein bra oppfinning, men bil er mykje betre. Så tusen takk til alle som eg har snulta bil på dei siste måndene: Bare å vente til sommar så kan dere forhåpentlevis snulte på meg ;)
Her er min drømmebil, kva er din??;p